Flotte hus og nausttomtar i Masfjorden

Nordkvingebygda er ei bygd i Masfjorden med nærleik både til sjøen, fjella og Knarvik - Bergen.  Bygda ligg rundt Nordkvingevågen som er ein liten sidefjord til Austfjorden som ligg innafor Fensfjorden.

Eg, Bjørn Rune Kvinge, er byggmeister.  I tillegg til fast arbeid tek eg oppdrag gjennom byggmeisterfirma med teikning, prosjektering og byggemelding.  Driv også verdi- og skadetaksering av eigedom.

Gift med Else Haugland som arbeider i omsorgsyrket.  Me eig i lag eit småbruk på Kvingo der me no har bygd oss hus.  Før jul i 2009 flytta me inn og her trivest me godt.  Rundt juletider 2010 fekk me naboar her på Kalvberget, Kariann og Marcel fllytta inn i hus nummer 2.  Det er også opparbeida ein tomt til der det truleg vert bygging våren 2011.    

 

 

Vi tilbyr:

Husetomtar:

Me har rundt vår eigen tomt fine tomtar for sal som er tilrettelagde med naudsynt infrastruktur. 

Les mer

Nausttomtar:

Me har også nokre nausttomter for sal.

Les mer

Prosjektering:

For dei som ynskjer det kan eg teikna hus, hytter eller naust på tomtar på Kvingo eller andre stader.  Har teikna mangt og mykje: hus, hytter, naust eller andre prosjekt.  Mange referansar.

Les mer

 

Else og Bjørn Rune

else og bjørn rune